mandag 20. januar 2014

Strek i rekninga kan vere gøy!

Somme tider går ikkje alt etter planen. Eller ganske ofte her hos oss i Gate 3. Som denne helga, då vi skulle på sundagstur. Vi hadde baka pizzasnurrar, pakka godisrestar frå laurdagen, ved, fyrstikker og kveikje, ekstra klede om små monster skulle bli kalde eller våte - endåtil dopapir hadde vi hugsa! Vi var heilt unormalt budde til turen, og eg burde vel skjønt at det ikkje ville passere sånn heilt utan vidare.

Vi skulle køyre nokre kilometer, gå gjennom skogen eit lite stykke og finne ein fin plass på berga ved havet. Der skulle vi leike, ete, tenne bål og kose oss. Men då vi kom til bilen, byrja noko å demre for monstermamma; Var det ikkje slik at barnesetet til minimonsteret vart flytta over i bestemora sin bil forrige veke, medan ho passa ungeflokken? Og var det kanskje også slik at vi hadde gløymt å flytte det tilbake på plass etterpå? 

Det var tilløp til skjelvande, små monsterlepper - men heldigvis vart det raskt godtatt at vi heller kunne spasere ein tur ned under brua og kose oss der. Ned på tunet att, plukke med sparkesykkel, trakke gjennom hagen for å ta snarvegen ned. Men au, der fekk eit monster akutt magevondt og hadde ikkje lenger lyst til å gå den lange, korte vegen til øya - og opplegget måtte endrast igjen.


Så vi gjekk berre nokre steg tilbake, snudde oss nitti grader, trakka over gjerdet til hagen - og etter ei rask rådslagning vart trampolina peika ut som ideell leirplass. Sju hopp på kvar, ned på rumpa, opne sekken, fram med maten!




Det slo meg der vi sat, at dette fort kunne blitt feil, om vi tillot oss å bli skikkeleg skuffa fordi plan A ikkje funka, eller plan B for den saks skuld. Men denne sundagen tok småmonstera endringane på strak arm, og turen nedanfor huset vart nok minst like bra som den lange turen vi opprinneleg hadde tenkt. Det er fint det!


Og: ofte er det kanskje vi vaksne som har størst problem med å forholde oss til hindringar i vegen, for i vårt hovud har vi teikna bilete av kor fint og flott alt skal bli når vi gjer det sånn og slik, og kor lukkelege og snille borna skal bli om vi planlegg og ordnar eit svært opplegg. Og så kan ein minipiknik i hagen faktisk vere meir enn nok. Og av og til heilt perfekt.



mandag 28. oktober 2013

Rosa regnversdag!

Rosa kan gjere det meste gladare og gøyare, men enkelte dagar tykkjer eg at den fargen har 
særleg god effekt. Som i dag, på ein typisk regnvêrsmåndag på tampen av oktober. 
Sjølv om eg eigentleg ikkje er særleg vêrsjuk av meg, så kjende eg at denne 
dagen trengte litt ekstra krutt for å få fram potensialet sitt.


Og sidan ROSA er ein av mine absolutte yndlingsfargar, pluss at eg er skikkeleg kjolejente og 
diggar prikkar, tenkte eg at det var ein bra stad å byrje; med ein knallrosa prikkekjole. 
Eg merka effekten umiddelbart!


Den grøne ugleveska mi har opptil fleire rosa detaljar, difor fekk den også vere med ut i regnet.


Og når eg først var på rosakjøret, oppdaga eg endå fleire fine, rosa ting rundt meg 
då eg gjekk ut for å møte regnvêrsmåndagen: Rosa roser i hagen min, 
som haustvinden enno ikkje har klart å rappe...


...og minimonsteret sin rosa sykkel lasta med plaskvåte lauv.


Og HURRA fordi eg er så treig at eg enno ikkje har rydda det rosa hagebordet mitt 
ned i kjellaren; sjå så vakkert regnet og vinden har pynta det i dag!

Hmmm....det eg eigentleg vil seie med dette innlegget, er ikkje først og 
fremst at eg elskar rosa - men at enkle, små ting kan ha stor effekt. 
Som at ein glad prikkekjole kan utligne drittvêr. Og slikt.

-åse-

søndag 7. april 2013

Kvit lukke på ein sundag


Eg er meir enn middels oppteken av fargar, men av og til er kvitt det aller vakraste. Som når dei 
ellers ulydige borna mine tek hunden med på luftetur hagen på eige initiativ og kjem entusiastiske 
innatt med ein neve snøklokker. Sju små, kvite blomar. Som minner meg om sju gleder:

- At eg har noko å elske
- At nokon også elskar meg
- At dagen i dag er ein solskinssundag
- At små menneske framleis ser gleda i å glede
- At eg har ein hage der tusen snøklokker veks
- At eg skal besøke bestevenninna mi snart
- At våren alltid kjem

Eg kunne funne på 7x7 gleder til, det er eg sikker på. Men eg treng ikkje skrive ned alle. 
Det viktigaste er å sjå dei og vite at dei fins. Og nyte dei.

God sundag til alle :)

søndag 24. februar 2013

Vårens fyrste piknik!

Dei første vårdagane er rett og slett magi. 
Og dei blir berre meir og meir magiske for kvart år.


I dag var ein av dei fyrste, ekte vårdagane her hos oss. Vi måtte berre ut på tur! 
Eg, dei to minste monstera og hunden Walter. Og sola.


Som lita jente kan eg hugse at mamma sa at ho gledde seg meir og meir til våren for 
kvart år som gjekk, at den vart berre vakrare og vakrare. Eg hugsar også at eg 
syns dette var veldig rart. Vel, det syns eg ikkje lenger. No er eg vaksen og 
klok sjølv, og skjønar at våren er noko av det beste i heile vide verda.


Teodor fekk bestemme menyen i dag: kyllingsalat med makaroni, brokkoli, avokado 
og tomat. Enkelt å lage, enkelt å ta med, enkelt å ete. Perfekt piknikmat!


I tillegg skeia eg ut og kjøpte juicemaskin for nokre dagar sidan, og vi er heilt øsne heile 
gjengen over vidunderet. Så sjølvsagt måtte vi ha med ferskpressa juice. Frisk og søt 
og orange i fargerike koppar, slike små ting som gjer ein fin tur endå finare.


I dag gjekk vi opp Kjærlighetsstien like bortanfor huset vårt, gjennom trimløypa, ned 
til stadion og vidare heilt ned til Moldøen, den vesle øya under brua. Der dekka 
vi på eit av borda nesten i fjæresteinane, og kosa oss heilt til vi merka at 
hender og ansikt var blitt kalde og stive trass i at sola var stor og fin.


Så pakka vi saman og byrja på heimvegen som vart oppstykka av cirka hundre millionar 
kvile- og kosepausar. Akkurat slik det skal vere på ein god søndagstur.


Eg håpar på mange, mange, mange fleire slike vårdagar som denne!


onsdag 13. februar 2013

Her bur eg!


I eit gammalt tømmerhus frå 1881.Saman med dei tre småmonstera. Og hunden Walter. 
Som mange allereie veit. Men eg har ikkje vist fram så mykje av huset, og eg har 
fått nokre pirk på skuldra og spørsmål om å gjere akkurat det.


Eg har det ikkje strøkent heile tida. Eller kanskje aldri. Og syns at det må vere heilt greit. 
Eg har fleire ting å gjere enn å rydde og vaske. I tillegg bur det altså tre småmonster 
i huset også, og dei kranglar nok som det er, om ikkje eg skal prøve å 
krangle meg til eit konstant ryddig hus i tillegg. 


Og så meiner eg bestemt at det skal vere rom for born sine leikar og rotete prosjekt. 
Og mor sine. Dessutan seier søte Kine som bur rett oppi gata her og som er 
så ordentleg og flink, at "du Åse har berre sånt koseleg rot, du". 
Så då må det vere greit. Nemleg.

Eg tenkjer slik når eg innreier, at huset skal ikkje vere ei utstilling, men ein plass å leve og 
leike. Det er ein av grunnane til at heimen stort sett er fylt med gamle møblar og ting frå
loppemarknad og bruktbutikkar - eller redda frå vener som ville dumpe dei.

 

Ting ein slepp vere livredd for, og som kanskje berre blir vakrare og meir levande etter 
litt herjing og slitasje. Supplert med glade fargar frå Pur Glede, sjølvsagt.


Og så syns eg det skal vere litt tøysete. Og spontant. Og ikkje nødvendigvis etter boka. 
Eg likar å setje saman ting fordi magen min fortel meg at JA, det var gøy, 
og JA, dei fargane fortalte ei fin historie saman. 


Du skal heller ikkje sjå bort frå at enkelte ting står plassert som dei gjer, for å skjule nokre 
av huset sine skavankar. Med innstillinga om at ikkje alt treng å vere perfekt, 
så kjøper ein seg også litt ekstra tid til å slække på sofaen.

God onsdag frå Åse!

mandag 11. februar 2013

Når du har vore borte i hundre år...


...eller iallefall ei veke - og skal hente jenta di i barnehagen etter det som altså er ei veke, 
men kjennest som hundre år - så kriblar det bra i magen. Og i hjartet.


Og det klør i handa etter å halde ein liten, skitten, kald neve.


Og tanken på å seie "Kom no, vi har det travelt og skal heim og lage middag og 
køyre gutane på trening og, og, og.." er ikkje å finne i hovudet denne dagen. 

Istaden er det lov å stå altfor lenge og grave etter skattar inne i muren 
som sjølvsagt ikkje fins der inne, men kun i draumane våre...


...eller hoppe i snøen og plukke istappar.


...og late som om istappen er verdas beste iskrem, og ete den i finfin pompel og pilt-stil 
med jakka dradd over nevane for at ikkje dei også skal bli istappkalde. 

Og ikkje bry seg om at gamle gledesdreparar og Helga seier at dette er 
FY og at ein får makk i rumpa av det. Den tid, den sorg, liksom...

...men vi droppar nok kanskje muligens istappeting i morgon ;)


mandag 4. februar 2013

Fine brua mi



Noko av det vakraste med Måløy, syns eg, er brua vår. Eller brua mi, som eg skriv i tittelen. Kvar 
dag ser eg på den, går over den eller under den - eller køyrer over den på veg til noko nesten i siste 
liten. Av og til høyrer eg den, også. Når vinden bles sterkt nok frå rette kanten, syng nemleg brua. 
Eg likar det. Dei som har greie på det, seier at den ulande tonen er ein einstrøken C. 


Eg kan sjå heile brua frå det vesle huset mitt. Når eg sit oppe på seine kveldar, og somme tider kan 
få kjensla av at berre eg i heile verda er vaken, minner brua meg om at det ikkje stemmer. Stadig ser 
eg lys frå bilar som køyrer over brua. På veg til og på veg frå. Og inni bilane er det jo menneske, 
og desse menneska er vakne. Så eg er ikkje åleine om å vere oppe i natta. 
Det er fint å tenkje på.


Når vinden tek tak her i byen vår, likar eg å gå over brua. Hunden Walter er også med. 
Han kan styre entusiasmen over vinden som bles bustebryna hans inn i augene, 
men han elskar å gå tur. Så han seier ingenting, og blir med. Eg får denne frie 
kjensla når eg står i vinden midt på brua, litt på same måten som når ein 
har klive til toppen av eit fjell. Vind i håret. Livet skjer no.


Men endå oftare går eg under brua. På Moldøen, som er knytt til Måløy med ei vegfylling. 
Ein smal sti går rundt heile den vesle øya, og brua over held den liksom fast, så den ikkje 
reiser avgarde med straumen. Tenkjer eg. Eg og hunden Walter er nesten alltid åleine der, 
og sjølv om det undrar oss litt sidan øya er så vakker, så er vi også litt glade for det. 
Særleg Walter, som får springe tulling rundt i tuene der. Og det er alltid ledig på 
den raude benken på høgda midt på øya, ved minnesmerket frå krigen. 
Eg likar å sitje der og tenkje litt før vi går heim.


Eg begynte med å seie at eg syns brua er noko av den vakraste i Måløy. Eg har ein stadig 
veksande fascinasjon for dette byggverket, og eg har studert det frå dei fleste kantar. 
Eg kan knapt gå over eller under brua utan å ta eit bilete eller to. Nokon har sagt at 
Måløybrua er eit kunstverk i stål og  betong. Eg seier det same. 


Og til slutt; Denne symbolikken som ligg i ei bru, om å knyte saman, overkomme. 
Den er fin.

-åse-