søndag 25. desember 2011

Ein liten julerunde med mobilkamera


Eg byrjar å gle meg til jul i juli, men eg er ALLTID seint ute med førebuingane likevel. I år har eg vore så sein som eg aldri før har vore. Huset har vore under ei seig oppussing i nesten eit år, og vi har liksom budd i ei krå med alt i kasser rundt oss.


Men eit par dagar før jul kom to kjekke snikkarmenn og fekk fiksa dei to veggane i stova som skulle kleast og den gode elektrikarbroren min kom med ledningar og lys. Og sjølv om golvlister og taklister manglar, sjølv om muren over peisen ikkje er komen opp, sjølv om vindaugskarmane ikkje er malte, så har vi fått tromma ihop nissar og troll og artige dyr til jul likevel.


Eg tok meg ei lita runde med mobilen (fordi kameraet har gøymt seg ein eller annan stad), og plukka opp nokre detaljar frå vårt noko kaotiske, rare og barnslege julehus ;)


No luktar det av pinnekjøt i huset, og ungane er spinnville og driv med intens julegåvekniping så snart eg snur ryggen til. Sjølv har eg faktisk ikkje knipe på ei einaste gåve i år. Enno...


Eg ynskjer kvar og ein av dykk ei god og glad jul, full av vakre fargar. Både utanpå og inni...


Juleklemmar frå Åse :)

onsdag 21. desember 2011

Om dikt og glede og triste tankar

Eg driv butikken Pur Glede, med mottoet "skapt med glede, for å glede". 
Og eg er mykje glad. Som regel glad. Gjerne skikkeleg superglad, til og med. 

Men av og til er eg trist, også. Då er det godt å skrive. 


Ein periode der eg var mykje trist, skreiv eg fleire dikt. 
Eit av dei handlar om meg og jenta mi, som eg heilt frå fødselen av 
bar inntil kroppen min store delar av døgnet. Å bere er så fint!
Etter at eg hadde skrive diktet, var eg ikkje like trist lenger. 

Når eg finn fram att dette diktet no og les det på nytt, 
kan eg kjenne på både det vonde og det gode inni meg. 
Så ulike kjensler, og likevel ligg dei så heilt, heilt nære kvarandre. 

Å bere

Ei lita jente
og ei mor
snakkar saman
utan ord

Tett saman
kinn  mot hjarte
viskar bort
alt det svarte

Kjenner du, mamma
hjartet mitt slår
for meg og for deg
og for lukka vår

-åse-

onsdag 14. desember 2011

Smørmangel og smørblide jenter

Smør. No om dagen tenkjer vel folk flest smørmangel, tomme butikkhyller 
og potensielt tomme julekakeboksar når dei høyrer det ordet. 

Men eg likar helst å sleppe andre bilete inn i hovudet når eg høyrer ordet smør. 
Nemleg bilete av jenta mi på tre år, som elskar smør. Og rømme. Og fløyte.
Ei smørglad og (for det meste) smørblid jente!

Den jenta går ikkje av vegen for å smørje tjukt på, altså - og for ei tid tilbake måtte eg berre 
dokumentere litt. Det var den velkjende situasjonen der du ei lita stund lener deg tilbake 
og nyt stilla i stova, før noko byrjar å murre inni deg; "Kvifor der det så stille her?"
Jau, difor:
(...forresten er det greit at teppet er av plast og kan spylast i dusjen...)

Her hadde jenta teke kniven i eiga hand, og fylt kvar millimeter av kjeksen i tjukke lag.
Så stolt og så, ja - smørblid. Åt opp kvar smitt og smule gjorde ho også :)

Ooooopp med gapet og og iiiiiinn med smøret...

...nam og smil og smørlukke...

...og så gir det ekstra energi til litt ablegøyer :)


mandag 12. desember 2011

Nokre ord om hjartevener

"Jeg unner alle å ha en slik venn, helt bunn ærlig og pålitelig. Jeg har hatt støtte av henne i vanskelige tider, og har hatt uendelig mye glede og moro av å ha henne i livet mitt. Jeg kan skrive side opp og side ned og fortelle om hennes gode egenskaper, og fantastiske godhet. Men for meg holder det nå å si at livet mitt ikke hadde vært det samme uten Beate."

Dette skreiv June Warberg Bogstrand om si venninne Beate Almli Simonsen i samband med Hjartevenkonkurransen eg hadde her på bloggen. Av alle dei herlege bidraga, var det dette som vart trekt ut - og Beate fekk krus og sjokoladehjarte i posten.

For meg var det ei oppleving å halde denne konkurransen, på grunn av alle dei gode orda som landa i innboksen undervegs. Eg smilte og eg gret, og eg vart heilt varm om hjartet. Så mykje vakkert vart sagt, og eg vil gjerne dele litt av denne opplevinga mi med dykk. Så her kjem utdrag frå nokre av dei meldingane eg fekk:

”Jeg har en hjertevenn - en som åpner sitt hjem for meg når vi trenger en pause fra hverdagen, som er utrolig flink til å lytte, men også deler av egne erfaringer, som jeg har utrolig mye til felles med, selv om vi egentlig er ganske forskjellige... Hun er rett og slett fantastisk.”


"Hun er en fantastisk venninne, alltid interessert i hvordan det går med meg og mine. Vi kan le, gråte og le igjen sammen. Vi deler så mye, hun er et helt spesielt menneske som har en kjempestor plass i hjertet mitt."

”Egentlig har jeg ikke så mange store flotte gester å fortelle om henne, det som er så fantastisk med henne er hele henne. At hun er der. Alltid...”


”Gode venner kan være så mangt, eg har lyst å glede den skjønne og herlige dattera mi. Skulle ønske alle kunne få en solstråle som henne, med verdens største hjerte <3.”

”Eg har lyst å glede ei av mine hjertegode venninner, som har vore der for meg når eg har trengt det som mest! Ho er av typen som seier at du skal ta kontakt dag eller natt, og meiner det.”


”Hun stiller alltid opp for både meg om min lille familie - om hun skjønner at jeg er inne i en sliten periode, så kan det tikke inn en SMS om middagsinvitasjon en helt vanlig onsdag - herlig!!”¨
”Jeg har en mamma som er helt fantastisk. I alle år har hun tenkt mer på andre enn seg selv. Hun stiller opp og hjelper alle rundt seg, og har en unik omsorg for alle som står henne nær. Omsorgen strekker seg og omfavner også mennesker som ikke står henne nær, men som trenger hjelp på en eller annen måte. Hun står alltid på de svakes side, og blir rasende av urettferdighet. Jeg er så stolt av min kjære mamma, og føler jeg aldri får takket henne nok. ”


Til slutt vil eg berre nemne at enkelte bidrag var svært personlege, og var både såre og nydelege på same tid. Desse gav meg så mykje å lese, men eg følte det vanskeleg å gjengi noko særleg av dei i frykt for å identfisere nokon. Men til alle dykk som skreiv så nært og vart – tusen takk, de pirka verkeleg borti hjarterota mi! Og kanskje skulle de faktisk vise fram det de skreiv til akkurat den venen de foreslo i hjartevenkonkurransen? Det kunne vere ei gåve som overgjekk både krus og sjokolade...

Takk, alle saman!

torsdag 8. desember 2011

Eg har dei BESTE kundane!

Eg veit slett ikkje alt her i verda, men eg veit iallefall at eg har dei kjekkaste kundane som fins!
Det gir meg så mykje å få alle dei koselege helsingane og meldingane frå dykk, både på epost, facebook og her i butikken i Måløy.
Og her om dagen fekk eg jammen meg ei GÅVE også, frå ein god nettkunde!
Eg vart så glad - og eg er viss på at julevasken kjem til å gå som ein leik med denne kluten :)


Tusen millionar takk, både til superdama som har laga klut til meg - og til alle dei andre kundane mine her i byen og på www.purglede.no. De er BEST, og eg gler meg til alle dei fine fargane og all moroa vi skal dele også i det nye året!

mandag 5. desember 2011

Arbeid, apekattar og ablegøyer...

Kva skjer? Dei siste vekene har eg fått så mykje bestillingar i nettbutikken at eg er reint overrumpla. Men du, så moro det er! Eg plukkar og pakkar og klistrar og limer og sender etter beste evne - og stort sett heng eg sånn nokonlunde med i svingane.

Men så kjem det enkelte dagar der ting rundt meg ikkje vil det same som meg. Som at saksa bit meg i fingrane og handlekorgene spenner bein på meg, at klokka går litt for fort og hovudet mitt litt for seint. Eller.....at apekattar som skal vere med i sendingar stikk av og gøymer seg medan eg snur ryggen til for å hente pakketapen. Det siste skjedde her om dagen...


Eg hadde pakka pent ned koppar og julepynt og andre saker som skulle sendast til ei koseleg dame nord i landet, og denne karen her skulle også vere med. Men han maste om å få klatre litt til i gardinene før han skulle knekkast ned i øskja. Han meinte at det var viktig å få rørt litt på kroppen først, sidan han hadde høyrt at posten kunne vere litt treig på denne tida av året. Eg avbraut han venleg med at vi dessverre ikkje hadde tid til fleire ablegøyer, og at han pent måtte klyve oppi øskja og legge seg tilrette i silkepapiret. Etter litt sukking gjorde han som eg sa.

Men så altså, akkurat då eg snudde meg for å hente pakketapen og lukke kassa, må han ha sett sitt snitt til å lure seg unna likevel. Så då eg kom tilbake i regnveret etter å ha levert alle pakkane på posten, høyrde eg det romsterte borte ved den prikkete skåla med godis oppi. Og der sat apekatten og flirte!

Eg måtte vere litt streng i stemma då eg kommanderte han bort på pakkebordet att, og inn i bobleplastkonvolutten. Han ville først ikkje, men gav seg då han fekk låne penn, papir og hyssing. Vips, så hadde han laga eit skilt der han fråskreiv seg alt ansvar for forsinkinga - og la skulda på meg. Velvel, han får berre kalle meg surrete, viss det var det som skulle til for at han kraup inni konvolutten. Alle som kjenner meg veit jo at det på iiiiiingen måte stemmer likevel.

Nett idet eg skulle lime att, kom det endå eit pip der innanfrå: Om eg hadde tenkt å sende han ut på denne lange reisa, heilt åleine, UTAN niste? Eg tok meg i det, leita fram ein karamell og ein sjokoladebit og la i neven på han.


Apekatten vart godt fornøgd, og eg like så idet eg kunne lime att konvolutten og levere den på postkontoret. Og så håpar eg mottakaren også blir bra fornøgd når den vesle spilloppmakaren dukkar opp i postkassa om eit par dagar!

....men altså....surrete, eg?