tirsdag 31. januar 2012

På stjernetur i mørke natta

Stjerner og nordlys var umogeleg å fange med mobilkameraet, istaden stilte Måløybrua og byen med litt lys.

I kveld har eg og hunden Walter vore ute og sett på stjernene. Det var så mange av dei i kveld, og dei var så store og klare. Og eg tenkte at dette er det lenge sidan eg har gjort; stå slik og sjå mot himmelen til nakken blir stiv og bakken nesten flyttar seg under beina mine. Kjenne at stjernene er både heilt nære og uhyre langt borte. Lure på kor mange andre kringom i verda som står nett slik nett no. Føle meg bitteliten og kjempestor på same tid. 

Vi skulle berre gå ein liten kveldstissetur, men så kom brått Nordlyset over oss. Det bølga seg stille og blått bak fjella over den vesle byen vår. Så vakkert. Og dermed vart vi ståande. Lenge. Heilt til den kalde nattelufta fekk lirka seg innanfor dunjakka mi og eg måtte byrje å gå for å få varmen tilbake.

Så no sit eg her inne i den varme stova, med hunden liggande under skrivebordet, nesten oppå tærne mine. Og eg tenkjer at dette burde vi gjere kvar kveld; gå ut og sjå på stjernene. Walter er samd i det. Han seier iallefall ikkje noko anna.

God natt!

onsdag 25. januar 2012

Nam nam Biola-is :)


Med tre born i huset, er det stadig eit visst mas om søtsaker. Og som mange andre småbarnsforeldre, så hender det at vi gir etter. Kanskje litt for ofte. Det aller beste er sjølvsagt å kunne tilby noko som ikkje berre er usunt og som stel den plassen i magen som skikkeleg mat skulle hatt.
Då er det bra at det fins følgjande: isformer frå Rice + Biola + fryseboks.


Opne kartongen, hell formene nesten fulle, ned i frysaren med dei - og vips, så har du sunn og god is til både store og små...iallefall etter litt ventetid framfor fryseboksen. Når fargen i tillegg er "loooooosa", er alt heilt toppers!

Isformene finn du HER :)


mandag 23. januar 2012

Ja, eg er barnsleg kry!

Eg kan ikkje hjelpe for det, men eg syns det er umåteleg stas å finne tips om butikken min i Bolig Pluss. Javel, så er det 99 andre nettbutikkar som står nemnt i reportasjen, men på den eine sida med eit herleg bilete av RICEprodukt, står det kun henvist til www.purglede.no:

Oppe i høgre hjørnet står det: "De fargeglade produktene fra
danske Rice kan du blant annet kjøpe hos purglede.no."
Andre som har drive nettbutikk ei stund, er kanskje vant til slikt, og går ikkje i taket over nokre setningar i eit blad - men eg er så ny på nett at eg kjenner det kriblar i heile meg. Kanskje vel barnsleg...? Men eg syns det er greit å la alle gleder ein kan finne, få spelerom i kroppen.
På motsatt side står butikken oppført blant mange andre, flotte nettbutikkar:


Ja, det var igrunn berre det eg ville seie i dag. No skal eg setje meg ned med ein kopp kaffi og ein bitteliten sjokoladetrøffel og lese heile bladet. Hittil har eg kun lese dei få setningane som handla om meg sjølv ;)


Ha ein fin måndags ettermiddag. 
Måtte den bli starten på ei god veke for dykk alle!

søndag 22. januar 2012

Ekstratrekning på GjeVekken!

Bileta er henta frå bloggen til An-Magritt.

Finaste An-Magritt har laga eit innlegg om butikken min og bloggen min, og oppmoda sine mange lesarar om å kikke innom meg - så då hiv eg meg sjølvsagt rundt med ei ekstratrekning av
GjeVekken torsdag 26.januar! Det er fritt fram for alle å vere med i trekninga, og dei som allereie har meldt seg på, er naturlegvis med også i denne runden.

Mange har nok lest om An-Magritt i Bolig Pluss eller sett ho på TV2, ho kom nemleg på 3.plass i
"Norges Vakreste Hjem" i 2011 og vart vinnar av FolkeprisenBesøk bloggen hennar der ho deler villig vekk av alt det kreative og gode i heimen sin og i seg:





Takk An-Magritt, for venskap og inspirasjon - 
og for at du viser veg for ein nynorsk nykomling i bloggverda :)



lørdag 21. januar 2012

Møt min nye ven!

For eit par veker sidan forelska eg meg. I eit bustefjes med bartar og bryn på eit bilete på finn.no.
Og no bur bustefjeset her hos meg. Møt min nye ven Walter Storm Stevens. Det beste spontankjøpet mitt nokon sinne! Eg skal seie litt om namnet etterpå. Fyrst må de få helse på han:


Kort tid etter at eg såg denne pjuskesnuten på biletet i annonsa, sette eg meg i bilen og køyrde åtte timar. "Berre for å sjå på han", som eg sa til gubben. Men eg visste vel eigentleg kva som ville skje allereie før eg og åtteåringen Teodor pakka reiseveska...


Etter ei lang ferd over fjell og gjennom skogar, utan å vite heilt kor vi skulle - kom vi fram til den store garden i vinterlandet. Og vart tekne imot så hjarteleg at det sit i kroppen enno. Ein smilande mann i lusekofte og ei herleg hulder med varme klemmar til framandfolket vestfrå. Og seks lukkelege, logrande hundar.

Heimebakst, mjølk frå eigen gard, knitring frå peisen, latter og prat før vi vart fulgt over til bestemorhuset for overnatting. Tenk å få sove her, med vedfyring på soverommet, i ei stor seng med saueskinn, bak eit forheng av kvite blonder:


Neste dag tok vi oss god tid, med leik i snøen, meir heimebakst og latter og prat - før vi vende nasa heimover. Med eit nytt medlem av familien og masse gode minner frå nye vener i vinterland.




Den heimreisa, ja. Den vart litt lenger enn planlagt, for på Strynefjellet herja vinden og snøvêret såpass at overgangen var stengt. Men kva gjer det vel å sitje vêrfast når ein har slikt selskap?


Og så kan eg jo like godt ta historia bak namnet, med det same. Walter fordi det er kult og fordi bestemor sin hund heitte det og fordi karane i heimen insisterte på at det var det beste av dei hundreogfemten forslaga eg hadde på blokka. Storm fordi det nemnde uvêret kom over oss på vegen og fordi vår nye ven no har fått ein heim på den stormande vestkysten. Og Stevens? Fordi eg elskar Cat Stevens, sjølvsagt. Det blir jo berre Walter til vanleg, men eg tykte at ein såpass fin fyr også måtte få mellomnamn og etternamn ;)

Min nye ven med sin nye heim i bakgrunnen.

Voff og god helg frå Åse og Walter Storm Stevens!

mandag 9. januar 2012

Godt nyttår - og GjeVekk for Januar! (Ekstra trekning 26.januar!)


Det er fint å gi og fint å få! Og no syns eg det var på tide med min første GjeVekk her på bloggen. 
Syns ikkje de? Eg har kun hatt ein konkurranse her tidlegare, og i det nye året lovar eg 
mykje meir aktivitet både når det gjeld sånn og slik :)

Har du lyst på dette herlege strikkasettet frå danske Lysgaad? Lua har søte klaffar og hanskane er lange og gode, men kan gjerne brettast ned. Og så har dei dei finaste fargane! Eg lovar at dette 
settet vil halde deg varm i dei lange, kalde vekene vi enno har framføre oss.

For å vere med i trekninga, kan du skaffe deg fleire lodd:
I lodd for å kommentere, der du fortel kor mange lodd du tek
1 lodd for å følgje Pur Glede-bloggen
1 lodd for å vere ven med Pur Glede på facebook.
1 lodd for link på Facebooksida di (bruk biletet øvst i inlegget).

MERK: Ekstra trekning 26.januar, sjå HER :)

Også dei som ikkje har bloggar, kan sjølvsagt delta med nokre lodd. Skriv då inn epost adressa 
di i kommentarfeltet slik at eg kan nå tak i deg. Trekning blir torsdag 19.januar om kvelden.

Høyrest det greit ut?
(Og er eg framleis meg sjølv lik i dette nye året, 
så vankar det nok ein trøstepremie eller to, også)
Eg ynskjer dykk alle eit strålande og godt nytt år!

-åse-