lørdag 25. februar 2012

Lukka er...vind i håret!

For at livet skal ha dynamikk, så treng vi nokre dosar med vind i håret.
Ikkje minst biletleg, men bokstaveleg også innimellom. Iallefall når ein er oppvaksen i fjæresteinane på vestlandet.

Siste dagane har vi hatt litt vind her. Og regn. Det siste klarer eg meg utan. Men vinden, den må eg ha med jamne mellomrom. Både medvind og motvind, vekslinga mellom å måtte kjempe seg fram og å flyte med. Ute på tur som i livet elles.

Og så stoppe opp, ta av seg lua - og la håret og tankane få flyge fritt.


Å gå over Måløybrua på denne tida av året, gir gjerne alt dette.
Vind i håret, motvind og medvind.
Og utsikt.


God helg til dykk alle. Måtte den gi mest medvind!

-åse-

mandag 20. februar 2012

Når sjuke born blir friske att ;)

Siste veka har vi hatt sjukdom i hus. Ungane har vore nede for telling ein etter ein. Dei blir liksom så små når dei er sjuke, og sjølv ganske store gutar som eigentleg vil ha seg fråbedt for mykje klemming og kosing - treng litt slikt. Eller, kanskje har dei berre vore for slappe til å gjere motstand....?


Uansett. Sjuke born blir friske att. Heldigvis.
Men det er mykje lyd og leven med nyfriske born. Det er som om dei må sjekke at alt i dei 
og rundt dei framleis virkar. Lyd, lys, leikar, hundar, kjøkenmaskiner, armar og bein. No skal eg 
ikkje dra det så langt som å seie at eg skulle ønskje dei var sjuke litt lenger, men....
...det har vore vel mykje støy i huset i går og i dag.


Desse bileta er frå ein herjedag for ei tid tilbake. I dag kunne eg ikkje dokumentere galskapen fordi 
nokon har stole kameraet mitt. Evt kan eg ha forlagt det ein stad. Uansett, det føregjekk 
omlag på same viset, så bileta er sanne nok.


I morgon har dei kanskje vore friske lenge nok til at det ikkje er så spennande lenger. 
Det er jo lov til å håpe...


søndag 19. februar 2012

Blomar til meg og til deg og til deg...

Eg står ved kjøkendisken, ser ut eit vindauge som skulle vore vaska. Ser at det er meir som skulle 
vore vaska, meir som skulle vore gjort. Men så ser eg ein liten rygg der ute i hagen. Ein liten 
kropp har satt seg på huk under treet der snøklokkene har strakt seg lenge allereie. 

Så raske, snublete steg på hellene utanfor. Ei dør som blir opna. Litt vanskeleg å lukke den 
att med kun ei hand, utan å slamre. For den andre handa er oppteken.

Inn med sko på, og smil. "Mamma, sessågod!".


Eg deler min vesle bukett med dykk alle, med ynskje om ein god sundag! 
Utan husvask og tankar om å vere utilstrekkjeleg. 
Nyt det som er, og dei som er der.