lørdag 31. mars 2012

Stengt pga hjartesorg...?

Pur Glede er skapt med glede, for å glede. Og det har alltid vore ei glede å ynskje velkomen til både butikken og nettbutikken min. Men dei siste vekene har det vore vanskeleg. Eg har hjartesorg, og når eg i tillegg er ein person som ber hjartet utanpå, er det ikkje lett å fungere som normalt.

Hjartesorg for det som var, men ikkje varte. Hjartesorg for det som skulle bli, men ikkje blei.

Eg klarer ikkje å få ut pakkane til nettkundane like raskt som eg skulle ynskje, men eg pakkar dei framleis med glede og kjærleik. Vit det, iallefall. Og enkelte kundar i Måløy har kanskje sett meg komme fram frå bakrommet med "rusk i auget". Kanskje har nokon prøvd å maile eller ringe, utan å få svar like raskt som de pleier, også?

Enkelte dagar har eg tenkt at i dag klarer eg ikkje å gå på jobb. Men kva skal ein skrive på døra då? "Stengt pga hjartesorg", liksom? Eg er nemleg så dårleg på å lyge... Eg har aldri sett eit skilt på ei dør med den teksten. Men kvifor ikkje? Kvifor er ikkje hjartesorg gyldig grunn til å vere nede for teljing? Det er verre enn spysjuka. Og varer som regel lenger, også.

Så no veit de grunnen, dersom eg ikkje er like tilstades. Eg er lei for det, og eg lovar at det betrar seg snart. Hjartesorga blir ikkje borte med eit knips, eg må berre finne ein måte å skubbe den litt unna, slik at den ikkje fyller heile dagen min. Eg finn ut av det. Eg fiksar det. Snart.

-åse-

onsdag 21. mars 2012

Bort med morgongrumset!

I dag vakna eg litt bardust, av ein merkjeleg draum som heldigvis ikkje var sann, innsåg at vekkarklokka (eller den ivrige snoozefingeren min) hadde svikta meg såpass at vi nesten forsov oss -
og måtte i tillegg konstatere at halsen var full av grugg og kroppen stiv og ikkje heilt klar for dagen.

Det er slike dagar ein verkeleg treng noko varmt og godt i kroppen. Servert i ein glad kopp.


Oppi koppen er det Pukka sin herlege ingefærte, trekt i varm mjølk med litt honning i og bittelitt kanel på toppen. Det rydda liksom opp både i kroppen og dagen :)

Ynskjer dykk alle ein fin dag - med mange smil og god, varm drikke i koppen!