torsdag 28. juni 2012

Meg og graut, liksom

Kva er det med meg og graut?
Det funkar aldri. Eg trur faktisk at eg kun ein gong i livet har opplevd å lage graut som ikkje svir seg i botnen. Den ligg liksom berre der og lunkar og ertar i to hundre tusen år, og når eg har funne ut at den får lunke litt utan at eg skal stirre den ihel, og heller snur meg bort for å gjere noko anna - SÅ finn den det for godt å koke, og bykse utover kanten eller klumpe seg saman i brun, svidd masse nederst i gryta.


Også denne gongen. Men på andre forsøket vart det bra, sånn nokonlunde. Kun lett sviing i botnen, men ikkje verre enn at eg kunne ha alt saman opp i ei tredje gryte og få måltidet greit i hamn. Stolt mamma, glade born - og etterkvart mette magar. Så enkelt, men akk, så vrient.


Men altså; om eg er dårleg på å koke graut, så kan eg iallefall komme med eit råd til korleis ein skal ete den. Sukker, kanel, rosiner, smørauge og slikt får kvar enkelt velgje etter smak, men eg garanterer at grauten smakar aller, aller best i fargerike skåler. Heilt sant!

Og psssst: gi meg gjerne gode råd for å bli ein betre grautkokar ;)

tirsdag 12. juni 2012

Om kjærleik


Kjærleik. Berre ordet er så vakkert. Kjærleik.
Og det kan romme så mykje. Eg merkar at dei siste åra har eg putta stadig meir
inn i det. Kanskje skulle ein då tru at det blir litt utvatna? Men det skjer ikkje. 
Tvert om føler eg berre at ordet blir større og sterkare.

Det er så mykje kjærleik rundt oss og i oss,
i ulike former og framtoningar. 

Kjærleik mellom bestevener. Er det tilfeldig at fyrverkeriet med solbrillene heilter Lykke?

Kjærleik mellom to brør. Som alltid kranglar, men som likevel kan hjelpe når det trengst.

Kjærleik til ein heim full av minner. Latter og tårer. Kvile og leike. Gje og ta.

Kjærleik til naturen, til det å få vere saman med dine og til kjensla av at nokon treng deg.

Kjærleik til ord. Og sol. Til lukta av gras.

Kjærleik til vakre fargar. Er det rart at blomar og kjærleik så ofte vert knytt saman?

Kjærleik så enkelt og inderleg skildra på eit stykke papir.

Kjærleik til havet, som lokkar og skremmer og som kan sluke alle tårene dine.

Og kjærleik til det som er fruktene av kjærleik; Kjærleik til borna dine. 

lørdag 9. juni 2012

GjeVekk for juni! *oppdatert med vinnarar nederst*

Det byrjar å bli ei stund sidan talet på facebookvener passerte 6000, og i tillegg er det no over 100 følgjarar på Pur Glede-bloggen. Då er det verkeleg på sin plass med ein ny GjeVekk, sant?


Denne gongen er premien ei samling herlege boksar frå Rice. Tre småboksar med orda Kiss, 
Play og Enjoy, ein litt større Smile-boks, pluss ein spaghettiboks med ordet Dance. 
Eg garanterer at det blir gøyare på kjøkenet med desse sakene på plass!
Samla verdi er 545 kr. I tillegg deler eg ut to gåvekort på 200 kr. 

Slik er du med i trekninga:
1 lodd for kommentar 
(hugs å fortelje kor mange lodd du tek)
1 lodd for å følgje Pur Glede-bloggen
1 lodd for å vere ven med Pur Glede på facebook
1 lodd for å legge Pur Glede-bloggen til i bloggrullen din
1 lodd for link til GjeVekken på eigen blogg og/eller facebook 
(bruk biletet øverst)

Totalt kan du altså ta 5 lodd :)
Også dei som ikkje har eigen blogg, kan sjølvsagt delta, 
hugs då å skrive epost adressa di i kommentarfeltet slik at eg får tak i deg!

Trekninga finn stad på kvelden måndag 25.juni.



Lykke til, alle saman! Skulle gjerne gitt premie til ALLE, 
men rekneskapsdama mi seier at det ikkje er særleg lurt, sånn eigentleg ;) 

-åse-

VINNARAR:
Hovudpremie: Sølvi frå En støvel og en sko
Gåvekort 200 kr: Klestrollet
Gåvekort 200 kr: Stina H

Gratulerer!!

torsdag 7. juni 2012

Når lukkekaka seier det, så ;)

Eg fekk ei Fortune Cake i går - ei lukkekake. Eg vart skikkeleg glad, sjølv om eg 
samstundes måtte betale ei restaurantrekning på ein sum som svei på ein slunken pung. 

Du må ikkje ete lappen inni, sa dama som gav meg kaka. Det var det visst mange som gjorde. 
Kjære vene, tenk på alt lukkepotensialet som kanskje har blitt tygd og svelgt utan å bli realisert! 
For du må jo lese lappen for at det skal skje, sant vel?

Eg åt ikkje lappen. Og eg åt ikkje kaka, heller - for den smakte ikkje godt. Det kan henge ihop med at 
eg og bror min hadde pløygd oss gjennom fire ulike dessertar rett før. Nei, eg beit forsiktig av 
ein liten bit av den vesle, harde kaka - og lirka ut den kvite papirlappen.


Eg bretta den ut, og kjende at eg var skikkeleg fornøgd, for eg vart lova at godt nytt skal komme med posten. "Good news will be brought to you by mail". Dei hine fekk meir sånne vage hint om at eitelleranna bra vil skje i framtida, men mi melding var akkurat passe konkret, tykkjer eg.

Så dersom de vil ha tak i meg dei næraste dagane, så veit de kor de finn meg: 
Eg sit ved postkassa og ventar på godt nytt ;)