fredag 27. juli 2012

Kan eg låne saksa, mamma?


Her i huset er vi glade i å klippe og lime. Alltid gøy å lage rare ting og rote rundt med fine fargar.
I går hadde vesle Alma ein mekkekveld, gåver skulle pakkast inn til meg og dukkene. 
Fint, tenkte eg. Då kan eg jobbe litt. Få unna litt som ligg der og gneg.


I tillegg til papir og band og pynt, så treng ein sjølvsagt saks når ein skal pakke inn gåver. 
Eg fiska den fram, la den i den små handa - og fortsette med mitt. Deilig med litt arbeidsro,
sitje der med kaffikoppen og føle at ting flyt fint, kun avbroten av at vesla med
jevne mellomrom kjem med søte, små pakkar eg skal opne opp. 
Idyll, sant?


Vel, eg skulle gå og fylle opp kaffikoppen min då eg trakka på noko mjukt. På golvet låg
små haugar med lyse lokkar. Og ved sidan av sat ei lita jente med ny sveis.

Eg burde skjønt det. Arbeidsro i eit hus med tre born og bikkje er sjeldan gratis. Det følgjer som regel noko muffens med på kjøpet. Eg veit det jo eigentleg, men tillet meg å fortrenge faktum gong på gong.
Og det kunne vore verre. Det kunne gått fingrar med. Hår veks utatt.
Det trur eg ikkje fingrar gjer.


Ja til kreative prosjekt! Ja til rot! Ja til å la ungane leike med skarpe gjenstandar.
Men la gjerne blikket sveipe over rommet med relativt korte intervallar.

God helg!

tirsdag 10. juli 2012

Walter og meg og verda



Det er fint å ha verda
for seg sjølv
ei stund.
Og berre dele den
med ein hund.

-åse-