onsdag 29. august 2012

Ein blome på ein fin eller litt fæl dag


Av og til skal ein berre grave litt i lomma og spandere ein blome på seg sjølv. 
Det kan gjerast på fine dagar eller litt fæle dagar. Begge deler kan vere like bra. 
Sjølv tykkjer eg blomen bør ha glade fargar, og helst bør den puttast i ei potte 
med glad farge, også - for å få mest muleg energi og glede utav det heile. 

Men om du kjøper ein kvit blome og puttar i ei kvit potte, så har det nok sikkert 
same effekten på deg, fordi det var det du villa ha. Nemleg. Poenget er å gjere 
noko fint for seg sjølv. Det i seg sjølv, i tillegg til å ha noko fint å sjå på, 
gjer alle dagar betre. Både dei fine og dei litt fæle. Heilt sant. Eg veit.

-åse-

søndag 26. august 2012

Kald kveld på stranda

Aller helst ynskjer vi oss sol og skikkeleg strandvêr no. Dessverre har sommaren i Måløy stort 
sett vore overskya, våt og kald. Men ein treng ikkje droppe stranda for det. Vi har ei av dei 
vakraste strendene i landet like ved her, og det krevst eigentleg ikkje sol for å nyte den.


Nyleg tok eg med glade Alma og bustete Walter, vannkanna And og sjokoladekjeksen God, 
og køyrde utover til Refviksanden. I halvannan time hadde vi stranda heilt for oss sjølv. Herleg.


Æddabædda, eg har sjokoladekjeks, og det er berre mitt og ikkje ditt og du får ikkje smake 
og dessutan er ikkje sjokolade bra for hundar, nemleg! Mamma seier du kan døy av det! 
Neeeeeeeeei, ikkje taaaaaaaa meg. Og iallefall ikkje kjeeeeeeeksen!



Og sola var faktisk ikkje lenger borte enn at den kasta fine, lang skuggar på stranda. Bak to glade 
figurar som nytta den friske sjølufta bra der dei sprang andpustne rundt og rundt og rundt.


Og når ein har ei lilla badeand, så er alt berre lukke sjølv om ein må ha lue og ulltrøye 
og tjukk fleecejakke på seg under strandbesøket. 


Kva seier du, Walter - skal den få stå her?


...eller her? Hei, engasjer deg litt, då! 


Hin vegen, seier du? Vil du heller sjå utover?


Sånn, vesle and...sug inn inntrykka frå det store, vakre havet - dei kan vere gode 
å ha med seg gjennom ein lang haust i ei sandkasse i Gate 3.

 Å samle på fine inntrykk og lagre dei ein lur stad inni seg er forresten bra for oss alle. 
Ein veit aldri når ein kan få bruk for nokre ekstra gode minne :)

-åse-

søndag 19. august 2012

Piknik høgt i det blå


For nokre dagar sidan vart eldste guten min 12 år. Tenk, eg har vore mamma i 12 år. 
Denne dagen var det vakkert vêr med sol og fin temperatur, og eg tenkte at bursdagspiknik 
høgt i det blå ville vere fint både for borna og meg. 


Av fleire grunnar valgte eg å stenge sjappa den dagen, så fekk eg også tid til å fikse god mat med 
på tur. Denne sommaren har vore så hektisk og kaotisk, og eg har følt at eg har fått for lite 
tid saman med borna mine. Då må ein av og til berre gjere nokre grep. Som å låse ei dør 
og snu ryggen til noko, for å skaffe tid og rom for det viktigaste. Og kven kan vel bli 
sure når dei kjem til stengt dør med så fine fargar på fråverelappen?


Vi køyrde ut av den vesle byen byen i retning nord, gjennom Kvalheimsbygda, over fjellet, forbi dei store, kvite vindmøllene, vi såg ei ørn som flaut høgt der oppe og minst eit barn påstod også at vi passerte både elg og bjørn på vegen - og eg nikka og sa ja sjølv om eg visste det ikkje var sant. 

Av og til skal ein berre nikke og seie ja, uansett. Iallefall om ein vil unngå heftige diskusjonar i ein sommarvarm bil. Vi stoppa på ein fin plass på vegen ned mot Kråkenes. Blått i blått og vakkert. 
"Det er dette som er havgapet", konstaterte mellomsten.


Og så.....MAT!
Fargar høyrer med når vi skal på tur. Alt blir gøyare med fine fargar!
Og maten smakar også betre den blir servert på fargerike fat. Nemleg.
  



Glade og entusiastiske born er noko av det beste som fins i heile vide verda...


...og når dei i tillegg et og drikk i mengder, utan at mamma må mase, er alt berre velstand! 


Hurra for 12-åringen, hurra for vakker utsikt mot hav som møter himmel, hurra for god mat og 
glade fargar, hurra for den fine dagen, og hurra for at eg faktisk tillot meg å gripe den og dele 
den med dei fine, små monstera mine - sjølv om noko anna eigentleg stod på timeplanen.

-åse-