torsdag 27. september 2012

Ting eg aldri vil forstå

Nokre ting vil eg aldri forstå. Som at enkelte trur at julenissen ikkje fins.
Eller at vaksne folk får seg til å skjelle ut andre for bagatellar. Eller at nokon kan 
meine at så lenge dei sjølve er tørre på beina, så kan det berre vere med alle dei 
som er våte og kalde og at desse kan takke seg sjølv. Eller at det faktisk går an å 
ikkje like avokado. Eller sjokolade. Eller peparkaker. Eller lukta av kanel.

Eller at nokon kan bestemme at Fragglane og Bumpibjørnane ikkje skal gå non stop på 
barne-TV. Eg kan heller ikkje forstå korleis trappa som vart vaska i forgårs brått er full 
av hundehår igjen. Eller korleis det faktisk går an å sitje inni eit svært, tungt fly og berre 
FLY, liksom. Eller kvifor godene i livet har vore, er og truleg vil forbli så ujevnt fordelt.
Eller kvifor hundar flest ikkje kan dresserast til å koke graut og henge opp klesvask.

Og ja, så til det som fekk meg til å skrive dette innlegget:


Eg kan aldri forstå korleis du kan ha eit osterundstykke som skal toppast med to halve 
druer og ein bit paprika, og så faktisk UNNGÅ å lage smilefjes av det. Altså; to halve druer 
og ein lett bøygd paprikabit. Det MÅ jo bli eit smilefjes oppå osten! Sant vel? Men eg var på 
eit møte i går, og då vart vi faktisk servert slike rundstykker som på bilete nr 1. 

Er det rart eg måtte ommøblere? For meg gjekk det ikkje an å ete det rundstykket 
slik det var. Og eg er sikker på at smaken vart heva etter at eg danderte det slik:


Og når eg først var igong, så måtte jo skinkerundstykket 
med agurk og tomat omorganiserast, også.


Eg er overtydd om at livet blir lettare og lysare når maten smiler til meg :)

Kva trur du?

søndag 23. september 2012

Vaffelsøndag


Av og til skal det ikkje meir til. Enn litt mjøl og mjølk og havregryn og smør og egg. 
Og pittelitt kanel. Og eit vaffeljarn. Litt røring og svelling og smøring og steiking. 
Så luktar det søndag og heim og familie. 

Og det går an å be små, store gutar om å skru av pc'en utan å frykte dramatikk. 
Istaden får du eit stort smil. "Ooooj, er vaflene ferdige allereie? Jippi!" 
Og det går også an å be superlate born om å dekke på bordet, og det 
skjer fortare enn svint og med stor innleving. Med latter og utan krangel. 
Faktisk.

Og så kan ein lempe stabelen med vafler over på eit fat, finne fram smør 
og sukker og brunost og sprutesylte. Så enkelt og så godt. 

Små hender vil smøre på vaffelen sjøl. Med massemasse smør...
...eller mengder med sprutesylte!
 Og så tung i magen etterpå. Men det går over. Medan den varme 
vaffellukta framleis heng i huset og fortel om ein fin søndag...

...i eit hus som langsomt fyllest med litt småkjekling att, i takt med at 
den energien og motivasjonen som hjelpte små, vaffelsvoltne monster 
med å dekke bordet i superfart for litt sidan, byrjar å fordufte.
Sorry, mamma - vi har faktisk ikkje tid eller krefter til å hjelpe 
med å rydde bort koppar og fat og fylle oppvaskmaskina.
Vi må jo leike!

Velvel. Pyttpytt. Den diskusjonen tek vi ein annan dag.

-åse-

onsdag 19. september 2012

Eit godt teikn



Altså. Eg er ikkje sånn veldig overtruisk. Likevel, eg må innrømme at eg set pris på at svarte kattar ventar til eg har passert, før dei kryssar vegen. Og eg må ikkje på død og liv gå under stigar eller trakke på kumlokk eller knuse speglar i hytt og pine. 

Men eg er eigentleg meir oppteken av å fokusere på ting som kan bringe meg lukke, enn ting om kan bringe meg ulukke. Derfor likar eg å sjå og ta vare på små, fine ting i kvardagen - og putte dei inn på "bra-dag-kontoen". Det kan vere at eg ser ei ørn på ganske nært hald. Det er fint, det er mektig, det gir dagen noko ekstra. Eller det kan vere eit smil frå ein ukjent eg passerer på gata. Eller at eg kjenner eg MÅ ha ei appelsin, og så står butikkmannen og lempar opp nye, fine, runde, orange appelsiner på fruktdisken akkurat når eg kjem inn i butikken. Eller at eg skal bake og treng 3 dl vatn og så slenger eg litermålet tilfeldig under vasken - for så å oppdage etterpå at det er akkurat på ein prikk tre dl vatn oppi. Eller at eg ser to fine fargar tett saman som eg kjenner gir meg eit lite energikick i magen. Eller at eg mistar brødskiva på golvet med påleggssida opp for ein gongs skuld. Eller at eg brått høyrer ein rar og rungande latter som gjer at eg berre må le sjølv også, utan at eg veit noko om opphavet til latterkula eg nett høyrde.

Slike små, rare ting meiner eg er fint å samle på. Og viktig. Og eg tek dei til inntekt for ein god dag. Eg tenkjer at når slikt skjer, så betyr det at verda vil meg vel, og då må eg berre tru på at denne dagen blir bra for meg. Som i dag, då eg kom innom Lykke Kaffebar, min andre heim her i Måløy. Nysteikte kanelsnurrar med vaniljekrem stod på disken og eg plukka ein tilfeldig og la på asjettet mitt. Eg kjente på den søte, varme lukta idet eg satte meg ned ved bordet mitt. Og så såg eg det: den gule, fine vaniljekremen var forma som eit hjarte! Det tek eg som eit teikn. På at denne dagen blir bra. På at verda vil meg vel trass alt kaos som måtte finnast i livet mitt nett no. På at eg har vakre ting i vente. I dag, i morgon og dagen etter det.


tirsdag 11. september 2012

Godt nok...og ROSA!

Javisst er det ei ekstra god kjensle når alt blir laga frå botnen av, gjerne etter eiga oppskrift 
og med all mulig slags dilling og pynting. Men, det er ikkje alltid ein har tid til det. Eller ork. 
Då kan ein anten la vere å lage noko som helst, eller ein kan fire på krava og velge ei enkel 
og kjapp løysing. Og så kan ein heller gjere det superduperkanonkreativt neste gong :)


Eg og Alma valgte iallefall den enkle løysinga her om dagen då ungane ville ha muffins. Eg må 
innrømme at slikt sit litt langt inne for meg. Men veit du, det gjekk heilt fint. Sjølv om det ikkje vart 
ekte heimebakst. Og veit du? Det vart eigentleg like gøy. For eg slapp nesten å tenke, og vi kunne 
berre rote og tøyse og kose oss. Og så var muffinsane ROSA i tillegg. Med hjarte på. 
Då blir jo det meste bra, uansett!




 Og så gjekk alt så fort, noko som er fint. Og så var hjelpekokken stolt, noko som er fint. 
Og så klappa storebrørne i hendene, noko som er fint. Og så var muffinsane faktisk ikkje så 
frykteleg gode, noko som  også forsåvidt er fint. Dermed slapp mor små monster som åt seg 
sprekkmette på rosa sukkerbomber med knallharde pyntehjarte oppå, og som fekk idear 
om bruke den nye og galne energien på å rive ned hus og heim. Fint. Veldig, veldig fint!


Men om ikkje vi syns Møllerens sine rosa muffinsar var det beste vi hadde smakt, så digga 
Walter dei. Og ja, eg veit at hundar kan bli blinde og døve og sikkert stumme og lamme av slikt, 
men han fekk berre ein halv, altså. Og dessutan, nokre sjansar må sjølv hundar få ta her i livet. 
Iallefall når dei er søte og rosa. Sant vel?

Og PS: Det å senke krava på mufffinsbaking og oppdage at det går heilt fint innimellom, 
er jo ei erfaring ein kan ta med seg over til andre område i livet, også...

-åse-