søndag 23. september 2012

Vaffelsøndag


Av og til skal det ikkje meir til. Enn litt mjøl og mjølk og havregryn og smør og egg. 
Og pittelitt kanel. Og eit vaffeljarn. Litt røring og svelling og smøring og steiking. 
Så luktar det søndag og heim og familie. 

Og det går an å be små, store gutar om å skru av pc'en utan å frykte dramatikk. 
Istaden får du eit stort smil. "Ooooj, er vaflene ferdige allereie? Jippi!" 
Og det går også an å be superlate born om å dekke på bordet, og det 
skjer fortare enn svint og med stor innleving. Med latter og utan krangel. 
Faktisk.

Og så kan ein lempe stabelen med vafler over på eit fat, finne fram smør 
og sukker og brunost og sprutesylte. Så enkelt og så godt. 

Små hender vil smøre på vaffelen sjøl. Med massemasse smør...
...eller mengder med sprutesylte!
 Og så tung i magen etterpå. Men det går over. Medan den varme 
vaffellukta framleis heng i huset og fortel om ein fin søndag...

...i eit hus som langsomt fyllest med litt småkjekling att, i takt med at 
den energien og motivasjonen som hjelpte små, vaffelsvoltne monster 
med å dekke bordet i superfart for litt sidan, byrjar å fordufte.
Sorry, mamma - vi har faktisk ikkje tid eller krefter til å hjelpe 
med å rydde bort koppar og fat og fylle oppvaskmaskina.
Vi må jo leike!

Velvel. Pyttpytt. Den diskusjonen tek vi ein annan dag.

-åse-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar