søndag 18. november 2012

"Ingenting, vel"

- Mamma, kan du ta lingelakk på meg?
- Ja, snart skal du få neglelakk.
- Mammaaaaaa, kan du ta lingelakk på no, då?
- Ja, ja. Snart. Eg skal berre jobbe ferdig dette.
- Mammmaaaaaaa, eg VIL ha lingelakk!
- Eg kjem straks. Kan du ikkje heller teikne noko fint mens du ventar?

Det kunne jenta. Ho fann fram den grøne øskja med alle tusjane. Og to ark. Krangla litt med hunden Walter som trakka på arket og knurva det. Men så vart det stille. Deilig stille. Lenge. Litt for lenge?

- Alma, kva gjer på på?
- Ingenting, vel!
- Ingenting?
- Ja, men du kan få sjå etterpå, mamma...!


Då skjønte mamma at det var prosjekt på gang. Neste gong skal ein kanskje ta seg tid til å lakke små negler før heile handa brått er lilla...

...men det var jo litt fint også. Og ganske gøy. Og fantefjeset som følgde med på kjøpet, kan iallefall ikkje eg motstå...!



tirsdag 13. november 2012

Trøstekjeden

Ei lita jente vaknar 05.27 og finn ut at no skal dagen starte. Det gjer den, med fine, små aktivitetar medan mørkenatta blir til morgon. Varm og bustete hund skal kosast med. Dukker skal få kjole på. Bolledeiga skal klemmast og bankast og rullast. Teikningane skal innehalde alle dei finaste fargane. Kommoden skal endevendast for å finne akkurat den riktige strømpebuksa. Trøtte storebrør blir vekt med varm bakst og stearinlys. Fin frukost. Ingen krangling (er det muleg?). Tysdagen er gøy, livet er fint, smil og latter.


Brått hugsar jenta på dei fine venene i barnehagen, og så vil ho dit med det same. Ete resten av frukosten sin der. Framleis smil og latter.  Barnehagen er gøy. Frukostniste med skinke er gøy. Vener er gøy. Sølepytten utanfor bilen er gøy. Å feste bilbeltet er gøy. Å høyre radio er gøy. 

Framme. Av med sko og jakke og opp trappa der mange born allereie har starta barnehagedagen. Fram med nista og fortelje at denne bollen har ho baka sjølv. Finne plassen ved bordet. Få mjølk i koppen. Men brått er det ikkje gøy lenger. For no vil den vesle jenta mykje heller vere heime hos mamma. Men mamma skal på jobb. Då vil jenta bli med mamma på jobb. Men det går ikkje i dag. Så kjem tårene, masse masse tårer. Tusen klemmar hjelper ikkje. Ingenting hjelper. 

Jenta vil ikkje sitje på stolen sin og ete. Ho vil berre sitje på fanget og gråte. Mamma trøstar og trøstar. Og jenta gret og gret. Til slutt må mamma gå, og ho må vere sterk i hendene sine for å løsne den vesle jenta sitt grep om halsen hennar. Ein snill voksen tek imot. Jenta gret meir. Mamma vil også gråte. Men sussar hadet og går, med hjartet tungt utanpå kroppen. Denne dagen som starta så fint, og så skulle det bli så dumt og trist likevel.

Gråten til jenta følgjer mammaen gjennom døra og ut i regnet. Inn i bilen. Starte, køyre, tenke på jenta. Idet ho parkerer bilen i gata, seier mobilen pip, og mamma kan lese: "Det går fint med Alma no :) Hilsen barnehagen." 

Flinke, flinke barnehagen. Så veit mamma at jenta ikkje gret lenger. At ho sikkert spring rundt og ler og har det gøy med vener. Jenta er ferdigtrøsta, og no også mamma. Det er fint, veldig fint. 

Nesten riktig. Bokstavane er der iallefall, så skal dei
berre stokkast riktig, og vips så blir det ALMA <3


søndag 4. november 2012

Ein liten tur rundt i butikken...

...blant fine fargar og rare saker. Velkomen til Pur Glede :)





















Takk for besøket og velkomen igjen!
  

lørdag 3. november 2012

Den dagen det vaks horn i panna mi!

Det var ein ganske vanleg dag, sånn i utgangspunktet. Eg fekk ungar på skule og i barnehage, eg lufta bikkja, eg var på jobb ein liten halvtime for seint, slik det gjerne er for meg når forsåvidt forutsette ting blir uforutsette fordi eg hadde gløymt dei. Igjen. Eg henta i barnehage, vi handla, vi lufta bikkja, vi mista bikkja, vi fann att bikkja, vi laga muffins og monterte auge på marengsspøkelsa - og vi pynta huset med spindelvev og edderkoppar. Vi skulle nemleg ha Skumlefest i heimen i går. 


Og horn er skummelt, sant vel? Eg visste berre ikkje kor skumle dei raude horna eg kjøpte på Nille faktisk var... Alt skulle skje litt fort rett før gjestane kom, og i farten såg eg ikkje dei små bitane med dobbeltsidig tape som følgde med horna, og som skulle gjere det enkelt å feste dei trygt og skånsomt til panna si. Men dei hadde jo litt sånn sugekoppform, så eg trudde dei skulle sitje fast av seg sjølv. Så med litt klissete, kvit sminke under og med eit skikkeleg kraftig trykk, pressa eg dei berre fast i panna mi. Og dei sat jo superbra! Jess, tenkte eg - av og til funkar billegsaker som berre juling! At eg snart skulle sjå ut som om eg hadde fått juling på ordentleg, visste eg lite om då...

Vel. Etter eit par timar byrja eg å kjenne meg litt rar og stiv i panna, og eg tenkte at no har eg igrunn vore djevelsk skummel lenge nok. Og eg lot det vel også falle ein kommentar om at det var best å få av horna før eg faktisk blei slik. Mohaha, liksom. For kva skjer? Jau, dei raude plasthorna frå Nille var relativt enkle å få av - men dei store, runde, harde horna som hadde vakse fram under dei, var det verre med... Sjå, folkens. SJÅ!


Det er muleg eg burde ha tenkt på det. Ja, eg burde nok det. Kanskje ville folk flest ha skjønt kva som kunne skje når ein med makt tvinga fast to plasthorn i panna si og lot dei sitje der og godgjere seg i timesvis. Men eg var meir opptatt av å ikkje gløyme teknikken bak den skumle hekselatteren eg hadde øvd inn  til skummel-latter-konkurransen, og å fullføre eksperimentet med kor mykje godteri det faktisk er plass til i små barnekroppar. Så dette kom altså som eit sjokk på meg. 

I dag har eg halde meg innandørs. Hittil. Men med born og hund i hus, så må ein jo berre gå ut på eit tidspunkt. Hipp hurra for den nye, fine lua mi! Den skal eg trekke godt ned i panna når eg går gjennom gata. Horna vart nemleg ikkje heilt borte iløpet av natta. Men kven veit, kanskje litt kald og frisk sjøluft gjer underverk med horna? Eller hevelsane, for å bruke eit litt mildare og mindre skummelt uttrykk...

God helg, alle saman. Og ver varsame. Sånn generelt. Og særleg når det kjem til sugekoppar.