søndag 16. desember 2012

Vil du ha ei litt stygg mus?


...som ingen andre vil ha?

Denne litt pussige musa har budd hos Pur Glede i over tre år, og ingen ser ut til å ville gi den ein ny heim. Kundar har kome og gått i butikken, men alle har gått forbi denne karen her. No har eg ikkje lenger hjarte til å sjå på det triste ansiktet hans kvar dag når eg stenger butikken: "Ikkje i dag heller. Når blir det min tur?" står det skrive over heile det små, grå fjeset. Sjølv har eg storparten av livet forbarma meg over slike små, pussige vener - så eg meiner igrunn at eg har nok av dei.  


Det er kanskje litt slemt å skildre han som stygg i overskrifta, men dette har eg avtalt med han, og vi er samde om at litt tabloide må vi vere i ei så viktig sak. Dessutan er det unekteleg noko litt rart med heile denne skapningen. Ingenting ser ut til å passe heilt saman, og beina er nesten hekta ihop med armane. Uff og uff. Men han har eit mildt og fint vesen, altså!


Derfor spør eg: er det nokon som vil adoptere denne vesle musevenen med lange bein i raud snekkerbukse? Han er heilt gratis, og eg kan love at han er snill og høfleg og veldig grei å ha i hus. Skriv i kommentarfeltet under dersom du vil gi "den litt stygge musa" ein ny heim. Dersom du føler for det, kan du gjerne seie noko om kvifor du vil ha han, og kvifor du trur han vil kunne trivast hos akkurat deg. Kanskje har du også tankar om namn til han? 

Dersom fleire melder seg, trekkjer eg ut ein adoptivheim blant dei interesserte tysdag kveld. Hugs ei form for kontaktinfo slik at eg kan få tak i den som blir trekt ut :)

*** Adopsjonsheimen er trekt, og den litt stygge musa skal straks reise til Fernanda og familien. Lukke til, eg er sikker på at han vil få det veldig bra hos dykk. God jul :) ***

torsdag 13. desember 2012

Å bli oppvarta...

...er berre herleg! Ekstra fint er det når det kjem heilt uventa. Det har eg fått oppleve to gongar denne veka.

Som i dag, eg stod i butikkja og kjende på svolten. Eg hadde gløymt min eigen frukost i kavet med å få tre born og meg sjølv ut dørene på morgonen. Men kva skjer då? Jau, to gullegode venninner kjem ramlande inn døra med varm kaffi og fire lussekattar i ein pose - til meg. For ei lukke, både fordi eg var svolten og kaffitørst - men kanskje aller mest fordi dei hadde tenkt på meg, at dei ville glede meg. 


Eit par dagar før dette, vart eg også oppvarta på framifrå vis. Eg sat i stova og putla på framfor pc'en, medan Alma (4 år) leika på kjøkkenet. Det eg ikkje såg, var at den vesle jenta tok på seg forklede og nisselue, skubba ein stol bort til disken, klatra opp og plukka ei appelsin frå fruktskåla, delte den fint i to med den største kokkekniven ho fann, henta fram sitruspressa, la dei små hendene oppå appelsina og pressa på med alle dei kreftene som fins i ein slik liten kropp, satte fram to bittesmå koppar frå leikekassa si og helte dei søte, gule dråpane oppi.


Brått stod ho ved sidan av meg og gav meg ein kopp. Det vesle mennesket veit nemleg at friskpressa appelsinjus er noko av det aller beste ei mamma kan få. Eg håpar de alle har ei god adventstid, med slike små, fine opplevingar som dette.

-åse-